MASSASJEKURS TIL HUSBRUK
?xml:namespace>
I 1989 kom eg ut frå Axelsons Gymnastiska Institut som Diplomert Klassisk massør. Etter då 22 år med massasje vert det no altså kurs. Eg gler meg til å dele med dykk andre det eg har hatt så stort utbytte av sjølv. Både det å få og gje.
Kurset vert heime på garden Aalstveit der eg har praksisen min til vanleg.
Tid: Fre. 18.- sun. 20. februar 2011
Fre. Kl. 18.00 – 21.00 Laur. Og sun. Kl. 9.30 – 15.00 Tilsaman 12 timar
Pris : kr. 1.000,- Betalast til kontonr: 2367.20.41465 før kursstart eller kontant under kurset.
Aldersgrense. 18 år
Det vert mykje massasje og litt teori. Du lærer teknikkar, grep og tips for generell avspenning, og for effektivt å løyse opp muskelspenningar. Me skal lære ei heil kroppsmassasje.Det kjem til å vera to og to som arbeider saman på massasjebenkar.
Du er velkomen til å koma åleine eller saman med kjende.
Ta med eige laken.
Eg har te, kaffi og frukt, men ta med niste laur. Og sun.
Spørsmål – påmelding innan sun. 13. februar til Kirsten Aalstveit – tlf. 99320971